Gravferda

Ein viktig dag kor familie og vener tek farvel med den som er død, og takkar for det livet som har vore.

Ulike seremoniar

Det er vanleg å velje ein seremoni som gjenspeglar den avdøde sine ynskjer og livssynsretning. Det er rom for fleire personlege val, uavhengig av kva for ein seremoni ein vel. Vi i Hjelmeland Begravelsesbyrå har lang erfaring med å følgje pårørande sine ynskjer, og organisere ei løysing som heile familien vert nøyde med. Vi bistår med å arrangere kyrkjelege, human etiske og private seremoniar, samt seremoniar tilhøyrande andre religiøse trusamfunn. Det er og mogleg å arrangere ei gravferd utan ein seremoni.

Kyrkjeleg seremoni

Den mest vanlege seremonitypen i Noreg er i regi av den Norske Kyrkja. Desse seremoniane kan variere noko frå kyrkjelyd til kyrkjelyd, men det vil vere rom for å gjere seremonien personleg, som for eksempel ved val av salmar, musikkinnslag og minnetaler. Under ser du i store trekk korleis ein seremoni vanlegvis går føre seg i kyrkja.

✤ Sørgjemusikk (15-30 minutt)
✤ Klokkeringing
✤ Preludium (inngongsmelodi)
✤ Salme
✤ Minneord og bøn v/presten (her kan pårørande, om det er ynskjeleg, seie nokre ord ved båra)
✤ Tekstlesing
✤ Salme
✤ Bøn ved presten
✤ Salme
✤ Postludium (utgongsmelodi)
✤ Båra bærast ut av kyrkja når postludium spelast

Etter seremonien

Etter seremonien vert det laga ei minnebok til deg som blant anna inneheld minneord, dødsannonse, songhefte og bilde frå seremonien.

Urnenedsetting

Etter ei bisetting vert kista kremert og ei urne med avdøde si aske vert sett ned i grava. Pårørande kan ta kontakt med oss eller direkte med kyrkjeverje for å avtale tid for urnenedsettinga.

Gravstein

Når vi mister nokon vi er glad i, er det fint å ha ei grav å gå til. Vi hjelper deg i arbeidet med å utforme og velge stein, akkurat slik du ynskjer. Om ynskjeleg kan vi pusse opp og fornye eksisterande, og inngravere nytt namn på gravsteinen.

Du kan sjå vårt utvalg av gravstein her.

Vi er tilgjengelege 24 timar i døgnet, kvar dag, heile året.

Kontakt oss

Naturlege virkeområde

Naturlege virkeområde

Vi er medlem av Virke Gravferd og har forplikta oss til å følgje deira standard og krav for god gravferdsskikk. Alle tilsette har skolering og fagkurs gjennom Virke Gravferd.

2020© All rights reserved Hjelmeland Begravelsesbyrå

Made by LOS Digital AS